LibreOffice 26.8 Hjelp
Definerer mange innstillingar for rekneark, innhald som skal visast og kva retning markøren skal flyttast etter innføring i ei celle. Du kan også definera sortengslister, talet på desimalar og innstillingane for å ta opp og utheva endringar.
Opna eit reknearkdokument og vel LibreOffice → InnstillingarVerktøy → Innstillingar → LibreOffice Calc.
Vel kva for element i hovudvindauget til LibreOffice Calc som skal visast. Du kan også visa eller gøyma markering av verdiar i tabellen.
Vel innstillingar for utrekningane i rekneark. Vel kva reknearka skal gjera med gjentekne referansar, datoinnstillingar, talet på desimalplassar og om det skal skiljast mellom store og små bokstavar når du søkjer i reknearket.
Alle sjølvvalde lister vert viste i dialogvindauget Sorteringslister. Du kan også definera og redigera dine eigne lister. Berre tekst kan brukast som sorteringslister, ikkje tal.
Dialogvindauget Endringar inneheld ulike alternativ for korleis dei registrerte endringane skal uthevast i dokument.
Spesifiserer innstillingane for det konfigurerbare rutenettet og grunnlinjerutenettet på dokumentsidene dine. Rutenettet hjelper deg med å bestemma den nøyaktige plasseringa av objekta dine. Du kan også setja dette rutenettet på linje med det «magnetiske» rutenettet. Grunnlinjerutenettet hjelper deg med å kontrollera om linjeavstanden på sida er korrekt brukt på dokumentet.
Bestem innstillingane for eit rutenett du kan tilpassa og bruka på dokumentsidene dine. Dette rutenettet hjelper deg til å bestemma nøyaktig kvar objekt skal plasserast. Du kan også angje at dette rutenettet skal falla saman med eit «magnetisk» festerutenett.
